Den norske borgaren, med utanlandsk statsborgarskap, som er sikta for å ha oppmoda til drap på sivile i Kamerun er varetektsfengsla i åtte nye veker, fram til 14. januar. Mannens advokat, Morten Engesbak, seier til NRK at dei kjem til å anke vedtaket om forlenga varetekt.
– Tingrettens grunngjeving er særs tynn. Me er ueinige i det rettslege og faktiske grunnlaget for siktinga, og vil gjere ytterlegare greie for dette i anka, forklarer Engesbak.
NRK har ikkje fått kommentar frå Kripos om den forlenga varetektsfengslinga. Mannen er skulda for å bruke internett til å spele ei sentral rolle i konflikten i det engelskspråklege Kamerun, der væpna separatistgrupper ønsker at denne delen av Kamerun skal bli eit eige land.
Det har lenge vore uro i denne delen av Kamerun, kor den kamerunske hæren tidlegare har blitt skulda for angrep på sivile demonstrantar og aktivistar.