Storbritannias statsminister Keir Starmer seier landet vil skjerpe klimamåla sine, og at dei vil kutte klimagassutsleppa med 81 prosent innan 2035, melder Reuters,
Starmer kom med meldinga under klimatoppmøtet i Baku i Aserbajdsjan.
Britane har i dag eit mål om å kutte 78 prosent av klimagassane, målt mot 1990-nivåa, og utelèt utslepp frå internasjonal luftfart og skipsfart.