Ein mann i 20-åra frå Bergen er tiltalt for det han skreiv om pride-paraden på det sosiale mediet Jodel, skriv NTB.
Ifølge tiltalen skreiv mannen i juni at han skulle følge paraden frå eit tak med ei rifle.
Jodel er ein anonym meldingsapp, og gjer det mogeleg å sende meldingar til ei stor gruppe i eit geografisk område.
Appen har fleire gongar vore brukt til å spreie truslar.
Saka startar 28. november i Hordaland tingrett.