President i Aserbajdsjan Ilham Aliyev gjekk kraftig ut mot det han meiner er sladder og desinformasjon frå vestlege medium under klimatoppmøtet i Baku tysdag.
– Då vi blei valt som vertskap for COP29, blei vi mål for ein koordinert og godt arrangert kampanje. Vestlege «fake news» medium, såkalla uavhengige frivillige organisasjonar og enkelte politikarar har konkurrert om å spreie desinformasjon og falsk informasjon om landet vårt, sa han.
Han brukte innlegget til å forsvare landets oljepolitikk, og avviste at dei er ein oljenasjon. Han meiner landet heller bør bli dømd ut frå kriterium som arbeidsløyse og fattidomsrate.
– Og ikkje eit lands naturressursar, som er ei guds gåve.