Stortingspolitikar Bård Hoksrud (Frp) skal vera valobservatør i vippestaten Nevada.
Også stortingskollegaene Siv Mossleth (Sp), Jan Tore Sanner (H) og Mona Fagerås (SV) er valobservatørar i det amerikanske valet. Dei skal vera med på å kontrollera at valet blir gjennomført på demokratisk vis.
– Alt tyder på at det blir eit jamt val, og eg trur det blir historisk uansett utfall, seier Hoksrud til NTB.