Jan Egeland er generalsekretær i Flyktninghjelpen. Han reagerer sterkt på den nye lova Israel har vedtake om å forby FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) frå å operere i Israel og dei okkuperte områda.
– Dette er ein fullkommen katastrofe for ei allereie forpint palestinsk befolkning både i Gaza og på Vestbreidda, seier han.
Egelend peikar på at organisasjonen har klart å bygge opp ei ganske effektiv helseteneste og undervisningsvesen
– I tillegg gir dei naudhjelp til millionar. Alt dette går no i grus fordi ekstremistane tok over i Israel, både i Knesset og i regjeringa, seier Egeland.