Republikanarane sin presidentkandidat Donald Trump seier han vil få slutt på all skatt på overtidsbetaling, dersom han vinn valet.
– Overtidstimane dykkar vil bli skattefrie.
Det sa Trump på eit valkampmøte i Tucson i delstaten Arizona natt til fredag norsk tid.
Valet blir halde 5. november, og den nye presidenten tar over jobben 20. januar 2025. (NTB)