Den europeiske sentralbanken (ESB) set ned renta med 0,25 prosentpoeng, til 3,5 prosent.
Det hadde eit fleirtal av økonomane venta på førehand. Årsaka er at prisveksten i eurosonen, landa som har euro som valuta, har gått ned jamnt og trutt den siste tida.
I august var prisveksten på 2,2 prosent, målt mot same månad i fjor. Det er det lågaste nivået på tre år.
ESB har som Noregs Bank eit mål om ein prisvekst på kring 2 prosent over tid.