Torsdag var det nytt møte i saka mot Donald Trump der han er tiltalt for å ha forsøkt å få omgjort resultatet etter at han tapte mot Joe Biden i 2020.
Dette var første møtet etter at amerikansk høgsterett hadde slått fast at den tidlegare presidenten i stor grad hadde immunitet.
I ettertid har spesialetterforskar Jack Smith endra tiltalen mot Trump, som seier seg ikkje skuldig også etter den endra tiltalen.
Trump møtte ikkje sjølv i retten torsdag, men var representert ved advokaten sin, John Lauro.