Naudetatane er på staden etter ei trafikkulukke på Bømlo.
Ein motorsykkel skal ha vore borti ein bubil før føraren av motorsykkelen hamna utav av vegbana. Føraren blir tilsett av helse, og luftambulanse er på veg.
Det er store trafikale utfordringar på staden.
Politiet melde først at ulukka var på Stord, men melder no at ulukka fann stad i Bømlo kommune.