Ti personar miste livet då ein båt med migrantar kantra i Den engelske kanal tysdag, melder den franske lokalavisa La Voix du Nord.
Franske styresmakter har stadfesta at minst fem er døde, melder AFP.
Den franske kystvakta melde tidlegare at tilstanden var kritisk for ti personar. over 50 menneske skal vere redda.
Det er ikkje kjent kor mange som var om bord den kantra båten.