Militærjuntaen i Myanmar skal gjennomføre ei folketeljing i oktober før valet neste år, ifølge statlege medium, melder Reuters.
Menneskerettsgrupper har kritisert det planlagde valet fordi den reelle opposisjonen i landet ikkje får stille.
Eksilregjeringa til Myanmar fryktar folketeljinga skal bli misbrukt av militærstyret.
Den sivile regjeringa i Myanmar blei avsett i eit kupp i februar 2021, og den dåverande leiaren Aung San Suu Kyi sit framleis fengsla.