Seks gislar vart funne omkomne inne i Gaza laurdag. I ei utsegn sundag hevdar Hamas-talsperson Izzat al-Rishq at dei vart drepne i eit israelsk luftåtak, skriv mellom anna Al Jazeera og Jerusalem Post.
Det israelske militæret (IDF) stadfesta laurdag kveld at gislane var funne. Talsperson Daniel Hagari har hevda i ei utsegn at dei vart drepne av Hamas kort tid før dei vart funne.
Dei seks gislane skal ha vorte funne i ein tunnel i Rafah, sør i Gaza.