Emiren av Qatar, Tamim bin Hamad Al Thani, kjem på offisielt besøk til Noreg 3. og 4. september, opplyser regjeringa i ei pressemelding.
Besøket er ein del av ei rundreise til fleire land i Norden.
Medan er i Noreg skal han blant anna i audiens hos kong Harald, og møte statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
– Qatar spelar ei viktig rolle i fleire freds- og forsoningsprosessar, ikkje minst i forhandlingane om ein våpenkvile mellom Israel og Hamas i Gaza. Noreg og Qatar samarbeider på fleire område, blant anna fredsdiplomati, energi, det grøne skiftet og forsvarsindustrien, skriv regjeringa.