Klokka 06.00 kom det melding om at brannvesenet rykte ut til Torvastad i Karmøy etter melding om brann i ein lagerbygning. Det var flammar og ein god del røyk då brannmannskapa kom fram. 06.25 kom det melding om at brannen var under kontroll. brannen. Klokka 06.45 kom det ny melding. Denne gongen om at det truleg var ein elektrisk båt som hadde tatt fyr, og at brannen ikkje var under kontroll. I tillegg ber brannvesenet publikum om å halde avstand til røyken.
Ingen menneske er skadd ifølge meldingane hittil.