Dei sameinte nasjonane (FN) seier onsdag at Israels militæroperasjon på den okkuperte Vestbreidda «risikerer å forverre den allereie katastrofale situasjonen» i dei palestinske områda. Det melder nyheitsbyrået AFP.
– Israel som okkupasjonsmakt, må følgje sine plikter i samsvar med folkeretten, seier Ravina Shamdasani, talsperson for FN i ei utsegn.