Kystvaktskipet KV «Bergen» er no i ferd med å legge til kai i Måløy. Med seg om bord har dei den havarerte færingen som vart berga etter forliset ved Stad i går kveld.
Det stadfester politiet sin innsatsleiar.
– Akkurat no er kystvakta på veg inn til land med havaristen om bord. Dei har også med seg den omkomne, opplyser politioverbetjent Øystein Russenes til NRK.