President i Bulgaria Rumen Radev har skrive ut nyval. Valet skal haldast 27. oktober og blir det sjuande valet i Bulgaria på tre år, melder Reuters.
Under førre val, i juni, fekk ingen av dei politiske partia nok støtte til å danna regjering.
Bulgaria har vore prega av politisk ustabilitet sidan 2020, då tusenvis av demonstrantar protesterte mot at korrupte oligarkar hadde tatt kontroll over statlege institusjonar.