Egypt har sagt at dei ikkje vil ha israelske styrkar ved den egyptiske grensa til Gaza, ifølge egyptisk statlege medium. Det melder AFP.
Egypts grense til Gaza blir kalla Philadelphi-passasjen og ligg nær Rafah.
Under våpenkvileforhandlingane i Kairo kravde Israels statsminister Benjamin Netanyahu at israelske styrkar skal halda fram med å vakte grensa.