Ein person er død av det som skal vera skotskadar, skriv politiet i Skåne på sine nettsider.
– Me kom til plassen på grunn av høge smell. Der fann me ein person liggande på bakken, seier talsperson for politiet i Skåne, Patric Fors til Aftonbladet.
Fleire politipatruljar er på staden, skriv politiet i Skåne på sine nettsider. Dei har sperra av området.
Politiet søker no etter ein person som skal ha forlate plassen, skriv Aftonbladet.