Eit legekontor på Nordmøre har innført nye rutinar etter at prøvesvar blei liggande ulest i over eit halvt år.
Ei kvinne bestilte celleprøve hos legen sin, men fekk ikkje vite at det blei gjort to postive funn.
Først då ho kom til gynekolog på sjukehuset seinare på året, fekk ho vite resultatet.
Legekontoret har forklart at det var mange vikarlegar på arbeid, men at dei har endra rutinane for at noko slikt ikkje skal skje.