Hizbollah-militsen seier at dei har fyrt av «intense rakettåtak» mot israelske mål.
Gruppa seier at dette er eit «svar» på israelske åtak mot Aust-Libanon dagen før. Det melder nyheitsbyrået AFP.
Det israelske hæren (IDF) skriv på Telegram at om lag 55 rakettar har vorte skote frå libanesisk territorium.
Desse vart skotne mot områda i Øvre Galilea og dei annekterte Golanhøgdene, nord i Israel.
Det er ikkje meldt om skadar på menneske, men brann- og redningsteneste er for tida i gang med å sløkkje brannar som har brote ut i fleire område i Nord-Israel på grunn av rakettane.