Ein mann i Liverpool er dømd til fengsel i tre år for å ha slått til ein politibetjent under dei antimuslimske opptøyane i førre veke, melder Reuters.
Dette er ein av dei første dommane etter valden som oppstod etter at tre jenter blei drepne med kniv i England.
Den dømde mannen vedgjekk i retten at han hadde slått politibetjenten, og sa seg med det skuldig i tiltalen.