Ei jente på 13 år skal ha blitt oppmoda til å dele nakenbilde av seg sjølv på Snapchat laurdag ettermiddag.
Ho fortalde det til foreldra, som meldte saka til politiet.
– Slike oppfordringar om å dele nakenbilde skjer nok dessverre oftare enn vi trur, seier Monica Mørk, stasjonssjef ved Bergen vest politistasjon, til Sydvesten.
Ho oppmodar alle som blir utsett for slike spørsmål om å melde frå til politiet.