Helse Førde styrer mot eit underskot på 86 millionar kroner ved utgangen av året, ifølge prognosar.
Administrerande direktør Arve Varden i Helse Førde er bekymra for framtida, og seier til Firda at drifta per i dag ikkje er berekraftig.
Lønsutvikling, renteauke og generell prisauke er blant årsakene.
Helseføretaket kan måtte kutte i årsverk dersom dei ikkje får betre kontroll.