I dag startar ankesaka for ein familiefar frå Vestlandet som er skulda for æresvald.
Tidlegare i år blei han dømt i tingretten til to års fengsel for å ha slått og trua familien.
Han blei også dømd til å betale 3,8 mill i erstatning og til å halde seg borte frå heimkommunen til resten av familien.
Mannen nektar for å ha gjort noko gale og har anka til lagmannsretten.