Den britiske statsministeren Keir Starmer åtvarar dei som står bak opptøyane i fleire byar dei siste dagane, og seier at dei vil bli straffa så strengt som lova tillèt.
– Eg kan garantere dykk at de vil angre at de har delteke i uroa, anten direkte eller om de har bidrege til å piske opp stemninga, seier han i ein tale søndag ettermiddag, melder blant andre Sky News.