Dei ti medisinstudentane frå Gaza som var nekta innreise til Noreg, får kome likevel.
Det skjer etter at regjeringa har gripe inn og instruert Utlendingsdirektoratet (UDI) å innvilge studentane visum.
– Her har vi ti unge palestinarar som ønsker å fullføre legestudiet, det kan vi bidra til. Det er eit utanrikspolitisk mål som vi gjennomfører ved å gi opphald i denne perioden til desse studentane, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK.