USAs utanriksminister Antony Blinken ber partane i Midtausten unngå handlingar som kan eskalere konflikten, og heller jobbe for ein våpenkvile i Gaza, melder AFP.
Hamas politiske leiar Ismail Haniyeh blei drepen i eit angrep i Iran natt til onsdag.
Iran har gjeve Israel skulda for angrepet, og har sagt at dei vil svare. Også Hamas har sagt dei vil hemne drapet på Haniyeh.