Ein mystisk e-post blei sendt ut til fleire franske medium laurdag. Franske styresmakter set den i samanheng med sabotasjen mot jernbanen fredag.
E-posten skal vera sendt frå ei anonym adresse og signert ein «ukjend delegasjon».
Ifølge den franske TV-kanalen TF1, står det i e-posten at OL er ei feiring av nasjonalisme og folkeundertrykking.
Innanriksminister Gérald Darmanin sa i eit intervju på France 2 laurdag at det snart blir kjend kven som står bak angrepet.