Åtte personar er arresterte etter klimaprotesten på Frankfurt flyplass. Dei limte seg fast til asfalten til rullebanen og hindra flytrafikken i morgontimane.
Alle dei arresterte tilhøyrer aksjonsgruppa Siste generasjon (Letzte Generation) som krev stans i bruken av fossilt drivstoff innan 2030.
På nettsidene sine skriv flyplassen at flytrafikken har starta opp att, men at reisande må rekna med forseinkingar. Meir enn 50 fly er omdirigerte.
Tidlegare i dag stansa lufttrafikken på flyplassen på grunn av klimaaksjonar.