Det var åtte russarar om bord på det norskeigde skipet som gjekk ned utanfor Falklandsøyane i går. Tre av dei er døde. Det melder det statlege russiske nyheitsbyrået Ria Novosti.
– Ifølge kystvakta på Falklandsøyane og reiaren var det åtte russarar om bord, kor fire er i live, tre er døde og ein er sakna, sa talskvinne for utanriksdepartementet, Maria Zakharova, til det russiske nyheitsbyrået.
Måndag sokk den norskeigde fiskebåten «Argos Georgia» i Atlanterhavet utanfor Falklandsøyane.