Den globale snittemperaturen søndag var den høgste som er registrert nokosinne, ifølge foreløpige tal frå klimaovervakingstenesta til EU. Det melder NTB.
Førre tilsvarande rekord blei sett i fjor, og fekk truleg berre stå i litt over eit år.
Marginane for å slå varmerekorden er små, men klimaovervakingstenesta C3S stadfestar til Reuters at rekorden vart slått.