No er det normal drift ved alle apotek i Noreg, opplyser Direktoratet for medisinske produkt (DMP).
– Apotek 1-apotek og fleire nettapotek har hatt problem som følge av dei globale IT-problema som oppstod fredag 19. juli. Status i dag, måndag 22. juli, er at det no er normal drift ved alle apotek, skriv direktoratet i ei pressemelding.
Fredag ramma ei mislukka oppdatering frå sikkerheitsselskapet Crowdstrike både flytrafikk og ulike verksemder veka over. I Noreg var særleg apotekkjeda Apotek 1 ramma.