Den ungarske statsministeren Viktor Orbán drog til Florida for å møta Donald Trump etter Nato-toppmøtet i Washington, skriv NTB.
Dei to møttest på ein av eigedommane til den tidlegare amerikanske presidenten.
– Me diskuterte måtar å skapa fred på, skreiv Orbán i sosiale medium etter møtet.
Den ungarske statsministeren var òg nyleg i Moskva for å besøka den russiske presidenten Vladimir Putin, og i Kina for å besøka president Xi Jinping.