Det er meldt om brann og mykje røyk i ein bygning i Bergen. Naudetatane er på staden. Det skal vere mykje folk i området og politiet ber skodelystne om å halde seg unna.
Det er ukjent om nokon er skadd eller sakna.
Nye Sandviksvikveien ved krysset ved Ladegårdsgaten er heilt stengt som følge av hendinga.