Den franske storavisa L'Équipe melder at Frankrike si store stjerne Kylian Mbappé startar på benken EM-kampen mot Nederland i kveld.
Spissen pådrog seg eit nasebrot i opningskampen mot Austerrike i gruppe D sist måndag. Sidan har det blitt laga ei ansiktsmaske som det er tenkt at han skal bruke resten av meisterskapen.
Mbappé brukte maska på den siste treninga før kampen mot nederlendarane.
Dei første 15 minuttane av treninga var open for media, og det var tydeleg at 25-åringen sleit med å få den skikkeleg tilpassa. Han var stadig oppe i fjeset og justerte den. Mbappé var berre med på dei enklaste delane av treninga, skreiv avisa La Parisien.
Det er venta at Frankrike sitt angrep vil bestå av Antoine Griezmann og Marcus Thuram.
(©NTB/NRK)