Politiet har arrestert ein mann på Arlanda flyplass i Sverige. Mannen skal ha hatt gull verdt fleire millionar svenske kroner på seg, skriv SVT.
Det var tilsette ved Tollvesenet som tok kontakt med politiet etter at dei la merke til mannen. Mannen er arrestert og mistenkt for kvitvasking.