Politiet melder om ein speedbåt som har gått rundt ved Kobbaleia i Øygarden. Det vart observert menneske i sjøen, men dei skal ha kome seg opp på ein holme. Ingen skal vera sakna. Ressursar er på veg, melder politiet. Operasjonsleiar Dan Erik Johannessen seier til NRK at den første meldinga kom inn frå ein turgåar som observerte at båten gjekk rundt. Etter kvart fekk politiet kontakt med personane som var om bord i båten, som kunne stadfeste at ingen låg igjen i sjøen. Dei er no på holmen og ventar på hjelp. Redningsaksjonen blir koordinert av Hovudredningssentralen.