Totalt sju personar vart evakuerte på grunn av ein brann i ein einebustad på Straume i Øygarden kommune i Vestland. Huset er å rekne som tapt, men ingen vart skadde. Meldinga om brannen kom klokka 21.54 laurdag kveld, det var då full fyr i einebustaden. Dei nærmaste nabohusa vart evakuerte på grunn av røyk. Brannvesenet brukte stole delar av natta til ettersløkking.