Eit SAS-fly på veg frå Oslo til Split i Kroatia måtte snu på grunn av røyklukt i cockpit. Det skriv VG.
– Flyet snudde tilbake til Oslo og gjorde ei vanleg landing på flyplassen. Rutinemessig venta brannbilar på rullebanen, men dei trong ikkje gjere noko, opplyser pressesjef Irena Busic til avisa.
Ho seier det ikkje var snakk om noko røykutvikling, berre røyklukt.