Harvey Weinstein blir stilt for retten på nytt etter at ein valdtektsdom blei oppheva. Det varslar statsadvokaten på Manhattan, melder Reuters.
Ein ankedomstol i New York oppheva førre torsdag ein dom frå 2020, der Weinstein var dømd til 23 år i fengsel for valdtekter og seksuelle overgrep mot to kvinner.
Domstolen la til grunn at det blei gjort fleire feil i rettssaka. Blant anna blei fleire kvinner kalla inn som vitne som hevda Weinstein hadde overfalle dei. Men desse skuldingane var ikkje ein del av tiltalen, og då var det ikkje rett å kalle dei inn som vitne, slo ankedomstolen fast.