Stoltenberg: Har kasta ut russarar
Nato-sjef Jens Stoltenberg seier til den tyske avisa Bild at dei siste månadane har kasta ut russisk personell frå Nato-hovudkvarteret i Brussel. Ifølgje avisa er russarane mistenkt for spionasje.
– Vi fann ut at dei dreiv aktivitetar som eigentleg ikkje var diplomatisk arbeid, men etterretningsarbeid, seier Stoltenberg.
Han peikar på at Nato har sett at dei russiske hemmelege tenestene har vore aktive i europeiske land i mange år.
– Nato-allierte følgjer sjølvsagt denne utviklinga veldig nøye. Vi gjer tiltak for å gjere det vanskelegare for russiske etterretningstenester, seier han til avisa.