Foxtrot-tiltalar i Sverige
Fire menn som blir knytte til det kriminelle Foxtrot-nettverket, er tiltalte i Sverige for blant anna drapsforsøk, narkotikalovbrot og grove våpenlovbrot.
Alle dei fire mennene er mellom 20 og 26 år gamle.
Påtalemakta har peika ut éin av dei som leiaren. Han planla drap på gjengrivalar i Sundsvall og dirigert dei andre tiltalte frå Spania, heiter det i tiltalen.
I 2023 blei han arrestert i Noreg.
– Vinteren 2023 koordinerte vi ein rassia i Spania. Tilfeldigvis hadde denne personen reist heim til Sverige via Oslo, så det utnytta vi, og han blei arrestert på Gardermoen, sa aktor Johan Henningsson på ein pressekonferanse i Kalmar.