Brann sløkt i ventilasjonsskap ved Hansa Borg Bryggerier
Det brann i eit sikringsskap inne på eit ventilasjonsskap ved Hansa Borg Bryggerier på Kokstad i Bergen torsdag morgon. Tre personar blei evakuerte. Dei er tilsett av helsepersonell og ingen skal vere skadd.
Brannen blei raskt sløkt av tilsette på staden. Det pågår utlufting av lokalet. Politiet opprettar sak.
– Personar som var til stades då det byrja å brenna, blir avhøyrte. Me vil starta åstadsundersøking når det er trygt å gå inn i rommet, seier innsatsleiar Ørjan Juvik.