Politiet kjem til å be om fire vekers fengsel for ein austeuropeiske langtransportsjåfør, som er sikta for vald etter ei hending ved Digernes i Ålesund natt til 1. nyttårsdag. Mannen blir framstilt for fengsling i dag. Politiadvokat Yngve Skovly seier dei ber om fengsling fordi dei meiner det kan vere ein fare for at mannen forlèt landet dersom han blir slept fri.
Ein annan mann blei køyrd til Ålesund sjukehus med skader i hovudet og overkroppen etter hendinga. Han er framleis innlagd på sjukehuset.
Begge dei involverte skal ha stått parkert på parkeringsplassen for yrkessjåførarar på Digernes. Det er så langt uklart kva som er årsaka til hendinga.
– Begge partane har blitt avhøyrt med tolk og har ulike forklaringar på korleis det starta. Saka blir etterforska vidare og vi undersøker også om det kan vere videoovervaking i området som kan gi oss meir informasjon, seier Skovly.