Kong Harald har sendt kondolansar til Kinas president, Xi Jinping, etter at Kinas tidlegare president Jiang Zemin har gått bort.
Det opplyser slottet på heimesidene sine.
Jiang Zemin var president i Kina frå 1989 til 2003, og døydde onsdag denne veka, 96 år gammal.
Han leia regimet i ein periode med store omveltingar i Kina.