For første gong har politiet no dronekapasitet i alle politidistrikt. Det vil til saman vere 100 dronepilotar i politiet etter at det siste kullet frå politiets dronestudie blei uteksaminert torsdag, skriv Justisdepartementet i ei pressemelding.
– Vi veit at dronar har, og kjem til å redde liv når dei blir brukt i søk og redning. Det er eit effektivt verktøy for politiet når dei skal få oversikt i krevjande situasjonar, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).