Ein mann i 30-åra er dømd til fire år fengsel for å ha valdteke ekskjærasten i eit hus på Voss i fjor haust.
Ifølge dommen truga han kvinna med ein soft-gun mot tinningen hennar, før han valdtok henne sjølv om ho sa nei og prøvde å gjere motstand. Valdtekta skjedde då kvinna skulle hente eigedelar i mannens hus etter at dei hadde flytta frå kvarandre tidlegare i 2021. Mannen er også dømd til kontaktforbod i fem år og må betale kvinna 240.000 kroner i erstatning.