På grunn av tåke er all helikoptertrafikk til og frå Nordsjøen ut frå Bergen innstilt. Flytrafikken er ikkje råka.
I Florø vart eit helikopter frå Visund-plattforma omdirigert til Førde lufthamn.
– Det har skjedd før, men er relativt uvanleg, seier lufthamnsjefen i Førde, Kjell Otto Gjesdal.
Også eit rutefly frå Bergen som skulle landa i Florø vart sendt til Førde.